Kjøp billett

Fosse for dumskallar

Torsdag 23. oktober, kl. 18.00

Hovedscenen | 250 - 300,-

Kjøp billett
Høyrt masse om Fosse, men aldri lest han? Lest Fosse og nysgjerrig på mannen? 
 
Fosse for dumskallar er ei leiken blanding av forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokon gong har kome frå Hardanger: verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål!
 
Kven er eigentleg denne Jon Fosse? Kva skriv han om, korleis skriv han, og kva var det som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, brått vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og viktigast av alt: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som mange vil ha det til?
 
Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.
Linda fortel: Fosse for dumskallar vart opphavleg tinga av Det Norske Teatret til Fosse-festivalen i 2021. Det har vore stor stas å framføra denne framsyninga både før og etter Nobelprisen – folk er tydeleg sugne på meir kunnskap og funfacts om fenomenet Jon Fosse.
 
Medverkande:
Tekst og framføring: Linda Eide
Musikalsk og verbal bækking: Sjur Hjeltnes
Speletid: 60–75 min.
 

Hovedscenen

Hovedscenen er storsalen i Kulturhuset. En flott og moderne sal med stor scene og et etterklangsanlegg for best mulig akustikk.

I amfioppstilling har salen 600 sitteplasser. Av disse er det 10 rullestolplasser hvorav 6 er nede og 4 er oppe på galleriet.

På enkelte arrangement brukes det tre rader med stoler på parketten foran amfiet. Disse er på samme nivå og på parkett 2 og 3 vil man dermed få begrenset sikt. Disse radene er merket P1, P2 og P3. Når parkettradene er i bruk så vil det også bli begrenset sikt på rad 1 i amfiet.

Salen har skyveamfi nede. Dette muliggjør flatt gulv for bl.a. stå-konserter, gallamiddager, møter og seminarer og lignende arrangementer.

Parkering må gjøres på angitte parkeringsplasser i sentrum.