Kunstvandring: Lyset i kunsten
25. juli 2026 14:00 - 15:00
Kunstrom Jakob inviterer til kunstvandring der lyset i kunsten får vere det førande elementet. Omvisar Carl Oskar Kvaløsæter tek med publikum på ei vandring i utstillinga «Geometriske Utopier» av Josefine Lyche på Kunstrom Jakob, gjennom Weidemann-verka som står utstilt i Steinkjer kulturhus og utsmykkingane til Weidemann i Steinkjer kyrkje.
Jakob Weidemann gjorde seg kjend for sin unike bruk av lyset i sine verk, og Josefine Lyche har oppgitt Weidemann som ei viktig inspirasjonskjelde i si eiga tilnærming til lyset. Lyset som kunstnarisk element og relasjonen mellom desse to kunstnarskapane dannar eit spennande utgangspunkt for ei utforsking av verka på Kunstrom Jakob, Steinkjer kulturhus og Steinkjer kyrkje.
Korleis bruker desse to kunstnarane lyset som kunstnarisk element?
Les mer om utstillinga «Geometriske Utopier» her:
https://www.nilsaas.no/utstillinger-kunstrom-jakob/josefine-lyche