Kjøp billett

litt:midt: Fosse for dumskallar

Fredag 27. september, kl. 18.00

Hovedscenen | 250 - 300,-

Kjøp billett

Høyrt masse om Fosse, men aldri lest han? Lest Fosse, men nysgjerrig på mannen?

Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling!

Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Verdas fyrste nobelprisvinner med nynorsk som hovudmål! Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det eigentleg som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.

Linda fortel: Fosse for dumskallar vart tinga av Det Norske Teatret til Fosse-festivalen 2021. Det har vore skikkeleg artig å framføra dette før Nobelprisen, og det er ikkje mindre kjekt no. Folk er definitivt sugen på meir kunnskap og fønnnfakta om fenomenet Jon Fosse.

Tekst og framføring: Linda Eide
Musikalsk og verbal bækking: Sjur Hjeltnes
Speletid: 60 – 75 min.

Arrangementet er en del av litt:midt, litteraturfestivalen midt i Steinkjer, midt i Norge!

Foto: Tore Zakariassen, NRK

 

Hovedscenen

Hovedscenen er storsalen i Kulturhuset. En flott og moderne sal med stor scene og et etterklangsanlegg for best mulig akustikk.

I amfioppstilling har salen 600 sitteplasser. Av disse er det 10 rullestolplasser hvorav 6 er nede og 4 er oppe på galleriet.

På enkelte arrangement brukes det tre rader med stoler på parketten foran amfiet. Disse er på samme nivå og på parkett 2 og 3 vil man dermed få begrenset sikt. Disse radene er merket P1, P2 og P3. Når parkettradene er i bruk så vil det også bli begrenset sikt på rad 1 i amfiet.

Salen har skyveamfi nede. Dette muliggjør flatt gulv for bl.a. stå-konserter, gallamiddager, møter og seminarer og lignende arrangementer.

Parkering må gjøres på angitte parkeringsplasser i sentrum.